biografi.jpg

 

fele 136x316

 

Diskografi

Er busett på Voss og arbeider som høgskulelærar på Ole Bull Akademiet.  I tillegg til arbeidet der aktiv som spelemann på hardingfele og er mykje brukt til musikalske innslag på kurs, konferansar, bryllaup, konsertar og andre anledningar.  Har samarbeid med fleire musikarar og dansarar etter behov.  Har diverse hardingfelemusikk på repertoaret som vert tilpassa tid og stad.

Har tett samarbeid med songar og gitarist Olav Undeland i duoen Andeland.  Har også kontakt med diverse andre musikarar og dansarar.  Blant anna i gruppa Godsruta.  Er musikalsk leiar i Voss Spelemannslag.

Byrja med hardingfele i 13 års etter kurs i Hemsedal Spelemannslag der Knut Fausko og Egil Syversbråten var dei viktigaste lærarar.  Med den bakgrunnen har er folkemusikk frå Hallingdal basisen i repertoaret.  Viktige lærarar og inspiratorar i Hallingdal har vore Øyvind Brabant og Jens A. Myro.  Etter å ha vore busett på Voss sidan 1993 er og mykje Vestlandsspel med i bagasjen.

Er som spelemann oppteken av at musikken skal ha danseappell.  Har samarbeidd mykje med dansarar og der fått innspel til det musikalske uttrykket.  Gjennom fleire år nytta som spelemann for dansarar på kappleikar, både frå Hallingdal og vestlandet.

Tok grunnfag i folkemusikk på Rauland i 1992-1993. Tatt studie i folkedans ved Rff-senteret i Trondheim tilsvarande eit års studie.  Tok bachelor i utøvande folkemusikk ved Ole Bull Akademiet i 2008.  Har i fleire år arbeidd som lærar på hardingfele i kulturskulen i Ulvik.

 

CV

Medverka på tingingsverk til Frode Fjellheim på  Telemarkfestivalen 2003

Den norske folkemusikkveka på Ål 2004
    - Medverka på kyrkjekonsert, festkonsert m.m.
    -Til finalen i Fanitulltevlinga

Medlem i Fantafylje (m/Laila Kolve, Berit Opheim, Steinar Rygg) rundt 1994-1999
    -Turne i Italia og Belgia
    - Medverka på opninga av festspela i Bergen samt eigen konsert i 1996
    - Konsert på Colombi Egg

Duo med Terje Isungset 1991-1993
    - Eigen konsert på Vossajazz 1993

Musikalsk leiar i Voss Spelemannslag frå 2000
    -Laget har ein del konsertering

-Konsertar i lag med Berit Opheim
-For Vårflaumen Spel og dansarlag på Fagernes desember 2004
-Diverse oppdrag frå 1993-2004

Duo med Olav Undeland song/gitar frå 2003
    -Diverse oppdrag på Voss

Solospelemann
    -Deltakar 2 gonger på Vågåtreffen
    -10-15 oppdrag i året for kurs, konferansar og festar.
    
Dansespelemann
    -Vert mykje nytta som dansespelemann til dansarar blant anna på kappleikar.
    -4 gonger i USA som instruktør på kurs samt konserta

 

Søk

BilerChildrenLeg og SpilAutobranchen